Gå til sidens hovedinnhold

Å velje yrkesfag er det smartaste ein kan gjere

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Denne veka fortalde NRK om Mari Gladhaug, som stadig vart fortalt at ho er for smart for å velge yrkesfag. Ho er Noregs einaste lærling i skogbruksleiing. Hennar historie er diverre ikkje uvanleg, men heldigvis valde ho å gå mot straumen. Det kan være vanskeleg nok når ein står ovanfor eit viktig valg og gjerne høyrer på dei med meir livserfaring, slik som mange unge gjer i desse dager før fristen til å søke vidaregåande 1. mars.

Det finst diverre ein del gammaldagse fordommar hjå både rådgjevarar og foreldre om at yrkesfag ikkje er like stas som ei akademisk utdanning. Det må me kvitte oss med. Me må snakke opp yrkesfag slik at barna våger å velje den vegen dei draumer om, fordi Rogaland treng fleire kloke hender.

Samstundes meiner Senterpartiet at praktiske ferdigheiter må styrkast, og yrkesfaga må introduserast allereie i grunnskulen. Elevar må vite kva yrkesfag er for noko, før dei skal velje.

Yrkesfag kan være inngangsbillett til eit arbeidsliv med spennande oppgåver, god løn og mange moglegheiter. Rogaland har stolt tradisjon for å være yrkesfagfylke nummer éin. Me har størst andel elevar som velger yrkesfag, og flest lærlinger som får læreplass.

Det finst dessutan mange spennande vegar for dei som sikter seg inn på høgare fagutdanning gjennom fagskulen, eller kombinert læretid og påbygg gjennom til dømes YSK-vegen. Neste år går dessutan startskotet for eit nytt pilotprosjekt på Bergeland med påbygg via helse og oppvekst. Dette kan være eit godt alternativ for dei elevane som sikter seg inn på ein jobb som barnehagelærar eller sjukepleiar, fordi det vil gje dei ei mykje meir fagleg relevant bakgrunn enn dei vil få gjennom vanleg studieforberedande opplæring. I Rogaland går ein dermed motstraums og viser at det har større verdi også for dei som sikter seg inn på høgare utdanning å ha yrkesfagleg bakgrunn, noko næringslivet også stiller seg bak.

Er det er noko pandemien har lært oss, så er det kva yrkesgrupper som er heilt uunnværlege i eit samfunn: det er fagarbeidarar. Kvardagen vår, korleis vi til ei kvar tid har det, og all samfunnsmessig utvikling er heilt avhengig av det praktiske arbeidet. Ikkje minst er det her rogalandsk innovasjon har si historie.

Det er ikkje noko som heiter at ein har for gode karakterer for å velge yrkesfag. Tvert imot er det å velge yrkesfag det smartaste ein kan gjere i eit fylke kor me vil trenge fleire flinke, yrkesstolte ungdommar enn nokon gong før.