Gå til sidens hovedinnhold

Å heise regnbogeflagget

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I siste kommunestyre hadde me ei sak til behandling som kom inn etter fristen, det vil seie at me måtte stemma over om saka skulle behandlast eller ikkje. Forslaget om å behandla saka fekk ikkje fleirtal, og ein formalitet stoppa dermed initiativet til å heisa regnbogeflagget under Stavanger på Skeiva-arrangement for dette året.

Som folkevalde har me gjort oss mange tankar om dette. I vår kommune har me tre viktige satsingsområde:

  • Folkehelse
  • Attraktive lokalsamfunn
  • Tidleg innsats

Pride-flagging handlar om å visa at me står for eit samfunn der me respekterer ulike måtar å visa sin kjærleik på. Det er eit signal om at me ikkje vil støyta ut, diskriminera eller halda utanfor skeive ungdommar eller vaksne. Det er ikkje vanskeleg å argumentera for det opp mot våre tre viktige satsingsområde. Det gir god folkehelse å visa tidleg innsats mot diskriminering og utanforskap, og det viser eit attraktivt lokalsamfunn for dei som lurer på om det er trygt for familien sin å flytta til Ålgård om dei har ungdom i huset som er skeiv, eller sjølv har etablert seg i eit likekjønna parforhold.

I ei kjend bok finn me dette verset: «Men no blir dei ståande desse tre: tru, håp og kjærleiken, men størst av dei er kjærleiken». Det er heilt greitt at me har ulik tru i forhold til kva som er rett og galt. Det er også greitt at nokon har eit håp om at verda skal verta annleis om dei får påverka nok med sitt syn. Men det er ugreit at det som framstår som det største av alt, nemleg kjærleiken, ikkje skal verta respektert i dei ulike formene som er ekte for den enkelte det gjeld.

Avstemminga i kommunestyret handla på utsida om ein formalitet, men på innsida om å ikkje støtta initiativet til å visa slik respekt.

Formalitetar er viktige, men respekten for det største av alt vil i enkelte samanhengar ha gode grunnar for å vika for formalitetar. Me kan fort som kommunestyre koma i ein ny situasjon der me vil ha sterke ønske om å vika for formalitet av omsyn til respekt, menneskeverd eller kort sagt «sunt bondevett».

Me vil derfor ta initiativ i god tid slik at det i alle fall kan flaggast i 2022.