Gå til sidens hovedinnhold

8. mars for pårørande?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I løpet av livet vil me alle få ei pårøranderolle. Nokon i tyngre grad enn andre. At pårørande gjer ein viktig innsats veit me alle. Å vera pårørande gjer glede over å vera til hjelp, men òg byrde fordi det krev at andre oppgåver må prioriterast bort. Det er flott at me legg opp til meir heimebasert omsorg, men det er framleis kvinnene som tek den største belastninga, sjølv om dei gjerne vil vera like fullt i arbeid som menn. Mange kvinner går ned i stilling eller blir sjukemeldt når omsorgsbyrda blir stor, mens menn er klare på at det er grenser for kva dei kan gjera – dei har jo ein jobb.

Studiar viser at helsepersonell forventar meir av kvinner som er pårørande enn av menn. Ei undersøking frå NOVA i 2014 slår fast at eldre pleietrengande med døtrer fekk 25% mindre hjelp enn om dei hadde søner som hjelparar. Skal det fortsetja slik?

Eg er sjølv helsearbeidar og har hatt oppgåver både med og for pårørande. Og eg veit at eg òg må gå i meg sjølv og sjekka ut kva haldningar eg har til dette. Omtalar me kvinner og menn som er pårørande på same vis, eller har me ofte gitt meir skryt til menn som tek på seg pårørandeoppgåver enn me har gitt til kvinner? Er me kvinner med på å skapa desse forskjellane?

På denne dagen kan me ta eit krafttak for skryt til kvinner som gjerne har kjent mange gonger at det dei gjer er forventa. Og til alle de menn som står rundt: de er like viktige og kan utøva like god omsorg i pårøranderolla som far, son, bror, ektemann og partner! Dersom me kan fordela dette meir, vil me alle halda lenger ut og kunne vera med i den heimebaserte omsorga som me legg opp til for framtida.