200 elevar permitterte etter koronasmitte på Bryne vidaregåande skule

BRYNE VGS: 200 elevar og lærarar er permitterte etter eit påvist tilfelle av smitte ved skulen.

BRYNE VGS: 200 elevar og lærarar er permitterte etter eit påvist tilfelle av smitte ved skulen. Foto:

Heile VG2 studiespesialisering er permittert.

DEL

(Jærbladet): Det var Stavanger Aftenblad som først omtalte saka.

Time kommune jobbar med smittesporing etter at ein elev ved Bryne vidaregåande skule fekk påvist koronasmitte måndag kveld. Det skal vere snakk om éin elev på studiespesialisering.

Skulen melde først at klassen til eleven var permittert. No opplyser rektor Ingunn Folgerø at heile trinnet er permittert.

– VG2 studiespesialisering er permittert, samt lærarar eleven har hatt. Me gjer nye vurderingar i tråd med smittevernslege i morgon, skriv Folgerø på SMS til Jærbladet måndag kveld.

Rundt 200 elevar er no permitterte.

Får nettundervisning

Elevane det gjeld har fått beskjed via tekstmelding, og det er berre dei som mistenkjer smitte som eventuelt skal teste seg.

– Alle elevane på VG2 studiespesialiserande skal vere heime i morgon og ha nettundervisning. Kommunelegen kjem fortløpande med informasjon til oss, seier Folgerø.

Skulen skriv på sosiale medium at dei kjem med oppdaterte råd på nettsidene sine så fort det er klart.

Dette er det 17. tilfelle av påvist smitte i Time kommune. Førre påviste tilfelle av Covid-19 var 3. september.

Artikkeltags