Det er snart 17. mai, og me gjer oss klare til å endeleg få feira dagen slik me gjorde før pandemien. Etter to år med ei anna feiring er det kanskje litt uvant for mange å tenka at det betyr noko for andre kva me gjer denne dagen.

For nokon krev dagen ein ekstra stor innsats; det kan vera å stå tidleg opp for å gjera seg klare til flaggheising, eller å gå med korpset i gatene. Andre skal laga mat til ulike arrangement på skular eller på forsamlingshus. Mange skal kle på ungar og seg sjølv for å gå i barnetog. Dugnadsinnsatsen er ikkje lik for alle, men me kan alle gjera noko.

For barnetoget er det ekstra viktig i år at dei får kjenna kva toget betyr. Dei eldste barna i barnehagane hugsar knapt kva barnetog er, og på skulane går 3. klassingane for første gong under si fane. Ungdomsskuleelevane i 10. klasse har aldri gått under ungdomsskulen si fane.

I år har me òg ein annan grunn til å visa oss ute i gatene. Det er krig i vårt nærområde, og me har nye innbyggarar og gjester i kommunen som har ferske minne om kva det vil seia å leva med krig i landet sitt. Men me kan fritt vifta med flagget og visa kor glade me er for at me bur i eit fritt land.

Dugnaden for alle som ikkje har spesielle oppgåver dette året kan derfor vera å gå ut i gatene, eller stå på terrassen eller i hagen langs togruta og vinka, smila og helsa "god 17.mai" til alle som går forbi. La det bli ein flott dag å hugsa for alle barna når dei går i barnetoget i år!

God 17. mai!